Ledig stilling - Driftsingeniør

Kvinnherad Energi AS søkjer etter driftsingeniør.

KVALIFIKASJONAR:

• Eksamen frå ingeniørhøgskule eller to-årig  fagskule, elektroteknisk linje for elkraft/sterkstraum.

• Relevant praksis frå energiverk eller tilsvarande.

• Strukturert og inkluderande med god kjennskap til planlegging og teknisk drift.

• Serviceinnstilt med evne til å byggja gode relasjonar til kundar og medarbeidarar.

• Ynskeleg med fagbrev Gr. A/B eller fagbrev som Energimontør.

• Kunna nytta norsk i skriftleg og munnleg kommunikasjon.

• Gode IT-kunnskapar.

• Førarkort klasse B.

ARBEIDSOPPGÅVER DRIFTSINGENIØR:

• Deltaking i planlegging og drift av nettet.

• Planlegging av høgspent- og lågspentanlegg.

• Prosjektoppfølging av store/små prosjekt.

• Nettberekningar.

• Feil- og avbruddsstatistikk (FASIT).

• Registrering/vedlikehald av nettinformasjonssystem.

• Internkontroll – HMS.

• Søkjar må pårekna å inngå i energiverket si vaktordning.

ME TILBYR:

• Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

• Løn etter avtale og kvalifikasjonar.

• Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til

Leiar for Nett og Produksjon Kjell Enes tlf. 400 19 348

Skriftleg søknad med kopi av CV, vitnemål

og attestar kan sendast på e-post til kjell@kvinnherad-energi.no innan 05.08.19.