Ledig stilling - Driftsingeniør

Kvinnherad Energi AS søkjer etter driftsingeniør.

KVALIFIKASJONAR:

• Eksamen frå ingeniørhøgskule eller to-årig  fagskule, elektroteknisk linje for elkraft/sterkstraum.

• Relevant praksis frå energiverk eller tilsvarande.

• Strukturert og inkluderande med god kjennskap til planlegging og teknisk drift.

• Serviceinnstilt med evne til å byggja gode relasjonar til kundar og medarbeidarar.

• Ynskeleg med fagbrev Gr. A/B eller fagbrev som Energimontør.

• Kunna nytta norsk i skriftleg og munnleg kommunikasjon.

• Gode IT-kunnskapar.

• Førarkort klasse B.

ARBEIDSOPPGÅVER DRIFTSINGENIØR:

• Deltaking i planlegging og drift av nettet.

• Planlegging av høgspent- og lågspentanlegg.

• Prosjektoppfølging av store/små prosjekt.

• Nettberekningar.

• Feil- og avbruddsstatistikk (FASIT).

• Registrering/vedlikehald av nettinformasjonssystem.

• Internkontroll – HMS.

• Søkjar må pårekna å inngå i energiverket si vaktordning.

ME TILBYR:

• Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

• Løn etter avtale og kvalifikasjonar.

• Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til

Leiar for Nett og Produksjon Kjell Enes tlf. 400 19 348

Skriftleg søknad med kopi av CV, vitnemål

og attestar kan sendast på e-post til kjell@kvinnherad-energi.no innan 05.08.19.

Presentasjon av Kvinnherad Energi

Grunna mange innlegg og tankar i etterkant av kommunestyremøte 31 januar, kan ein her sjå gjennom presentasjonen som ble gjort av Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband i nemnde kommunestyremøte.

100aar.jpg

Presentasjonen kan du opna her

Frå 1 januar 2019 reduserte vi nettleiga med 2,9 øre/kWh for Kvinnherad Energi sine kundar. Nedgangen skuldast god drift og at forbruksavgifta blir for første gang satt ned. Kvinnherad Energi klarar til tross for store investeringar, i bla. nye straummålare (AMS), dei siste åra å halde nettleigeprisane på lågare nivå enn i 2018.

Med endringa har nettleigeprisane blitt redusert med 13,8 % frå 1. januar 2016  som tilsvarer kr 1920 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh.

Nedgang nettleigeprisar frå 1 januar

Det er ein glede for Kvinnherad Energi å meddele kundane våre ved inngangen til jubileumsåret 2019, Kvinnherad Energi fyllar 100 år i 2019, at frå 1 januar 2019 vil nettleiga gå ned 2,9 øre/kWh for Kvinnherad Energi sine kundar. Nedgangen skuldast at god drift og at forbruksavgifta blir for første gang satt ned. Kvinnherad Energi klarar til tross for store investeringar, i bla. nye straummålare (AMS), dei siste åra å halde nettleigeprisane på lågare nivå enn i 2018.

Med endringa har nettleigeprisane blitt redusert med 13,8 % frå 1. januar 2016  som tilsvarer kr 1920 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh.

Om ein ser på dei kommande åra så vil utviklinga på nettleigeprisane vera positiv for kundane våre, dette skuldast ei forventa forbruksauke på omtrent 17% fram til 2021. Den forventa forbruksauken kjem grunna elektrifisering av ferjer og store investeringar som blir gjort i sjømatnæringa i Kvinnherad, slike store forbruksauker kjem våre nettkundar til gode då Kvinnherad Energi får eit betydeleg større forbruksgrunnlag å fordela investeringar og kostnadar på.

Fullstendig oversikt her Nettleigeprisar gjeldande frå 1. januar


Ledig stilling - TILSYNSINGENIØR - DLE ANSVARLEG

Kvinnherad Energi AS har ledig stilling som tilsynsingeniør – DLE Ansvarleg frå 01.09.2018 eller etter avtale. Stillinga er fagleg og administrativt underlagt nettsjef.

Arbeidsoppgåver

  • DLE Ansvarleg står fagleg ansvarleg for all utførande tilsynsverksemd utført av DLE Kvinnherad Energi AS.
  • Tilsynsingeniøren skal utføra arbeid som bestemt i El-tilsynslova og Forskrifter om det lokale elektrisitetstilsyn (FDLE), her under:
    • Utarbeide planar og rapportar iht. årleg instruks frå DSB
    • Tilsyn med bustadar, hytter og næringsbygg
    • Verksemdskontroll – Internkontroll (HMS)
    • Risikovurdering av tilsynsobjekt
    • Tilsyn med elektroinstallatørar
    • Informasjonsarbeid mot skular og institusjonar
    • Førebyggande el-sikkerhetsarbeid
    • Bistå Politi i brann og ulukkeetterforskning

 Stillinga kan og verta tillagt andre oppgåver.

 Utdanning:

  • Eksamen frå ingeniørhøgskule eller to årig fagskule, elektroteknisk linje for elkraft/sterkstraum eller tilsvarande skule.
  • Fagbrev som elektromontør Gr. L eller tilsvarande.

  

Vi ynskjer

  • Ryddig, systematisk og kan jobba sjølvstendig.
  • Utadvent, tillitsskapande og serviceinnstilt med evne til å byggja gode relasjonar.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Gode evner til å uttrykka seg skriftleg og munnleg på norsk (nynorsk og bokmål).
  • Autorisasjon som EKOM installatør
  • Ynskjer at kandidat har avlagt installatørprøve, eller er være villig til å ta denne.

Krav

  • Være villig til å avlegge eigen prøve for DLE ansvarleg om dette blir kravd.
  • Det er eit krav at søkjar har førarkort kl. B. 

Praksis

  • Viser til "Forskrift om elektroforetak og kvalifikasjonskrav for arbeid knyttet til elektriske anlegg og elektriske utstyr" (FEK 2013)
  • Inneha minst tre års relevant praksis frå bygging og vedlikehald av elektriske anlegg etter endt utdanning, jfr. FEK 2013 § 9.

Vi tilbyr

  • Opplæring i ein spennande bransje
  • Gode og utviklande arbeidstilhøve i godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Søknad med CV sendes

Kvinnherad Energi AS, Vikjo 7, 5464 Dimmelsvik eller på e-post til kjell@kvinnherad-energi.no  

 Søknadsfrist: 20.06.2018

 Spørsmål angåande stillinga kan rettast til nettsjef Kjell Enes 53 47 56 25 / 400 19 348

Nyhendeoppdatering mai

Nettleigeprisane vert satt ned

FB-vennestraum-1.png

Det skuldast det auka forbruket gjennom den kalde vinteren i år,  straumforbruket var frå januar til mars  12 % høgare enn tilsvarande periode i  2017.  Reduksjon av nettleigeprisane  for hushald, fritidshus og liten næring er 3,6% gjeldande frå 1. juni, dette utgjer ein reduksjon på 1,5 øre/kWh som tilsvarar kr 380 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh. Med denne endringa har nettleigeprisane blitt redusert med 9,6% frå 1. januar 2017 som tilsvarer kr 1070 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh.

Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar godt under snittet for nettleiga i Hordaland.

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.

Har du oppdatert personalia med rett informasjon?

Som din nettleverandør er vi avhengig av dialog med deg som kunde frå tid til annan.
Vi sender ut viktig informasjon om vedlikehald av straumnett, endringar i vilkår og nyhender.

Vi håpar at du har tid til oppdatering av relevant informasjon som mobilnummer, e-postadresse, adresse, og liknande.

For å oppdatere dette kan du logge deg inn på vår kundesider (klikk her). Opplysningar om kundenummer og pin finnast på fakturaen eller kontakt vår kundeservice.

Personvern

Kvinnherad Energi AS  fokuserar på å ivareta og beskytta våre kundars personvern. Vi behandlar personopplysningar i samsvar med den til ein kvar tid gjeldande lovgivning, herunder i samsvar med personopplysningsloven og personopplysningsforskriften. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som kunde. (For vår fullstendige personvernerklæring klikk her)

Nettleigeprisane senkast

DSC_0099.tif_thumb.png

Grunna auka forbruk i den kalde vinteren i år , har Kvinnherad Energi  beslutta å redusera nettleiga for hushald, fritidshus og liten næring med 3,6% gjeldande frå 1. juni. Dette utgjer ein reduksjon på 1,5 øre/kWh tilsvarar kr 380 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh. Med denne endringa har nettleigeprisane blitt redusert med 9,6% frå 1. januar 2017  tilsvarer kr 1070 for eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh

 

For stor næring blir energileddet redusert med 2,0 øre/kWh .

 

 Fullstendig oversikt her Nettleigeprisar gjeldande frå 1. juni

Funksjonelt skilje - retrett

Stortinget gjør retrett om små energiselskaper

For to år siden innførte Stortinget krav om funksjonelt skille for energiselskaper med færre enn 30.000 kunder. Nå er lovvedtaket reversert. 90 selskaper vil ifølge KS Bedrift unngå kravet om å innføre et såkalt funksjonelt skille når KrF og resten av opposisjonen etter alt å dømme slutter seg til et forslag fra Senterpartiet.

Konkret har Stortinget vedtatt at nettselskap med under 30.000 abonnenter gis fritak fra endringene i energiloven som etter planen skal tre i kraft i 2021. Funksjonelt skille innebærer at nettselskapet skal driftes uavhengig av annen virksomhet. Dermed kan ledere i nettselskapene ikke delta i ledelsen i andre selskap i konsernet. Det var i 2016 at Stortinget vedtok å innføre funksjonelt skille i energisektoren for alle selskaper. Tidligere gjaldt dette kun for selskaper med mer enn 100.000 kunder.

– Skillet vil være byråkratisk og dyrt å gjennomføre, en kostnad som til sjuende og sist legges over på kundene. Når de mindre distriktsverkene slukes av større energibedrifter i byene, vil resultatet være at distriktene tappes for viktige kompetansearbeidsplasser, framholdt direktør Asle Strand i KS Bedrift Energi da det før jul kom signaler om nyorientering i dette spørsmålet på Stortinget. – Dette er en sak vi har jobbet iherdig med. Det er gledelig for bransjen å se at dette arbeidet bærer frukter, sa han.

(Kilde: NTB)

Eit steg

Nyhendebrev desember

Nettleigeprisane vert oppjustert

Det vert gjennomførd endringar i nettleigeprisar per 1. januar 2018.  Justeringa fører til ei endring for hushald/fritidshus/næring med ein auke på 0,5 øre/kWh i energileddet og auke på kr 16,50 per månad i grunnprisen.

I løpet av 2017 satte Kvinnherad Energi ned nettleigeprisane 1.januar, 1.juni og 1.oktober. Frå 1.januar 2018 har ein for hushald 3,2% lågare nettleigeprisar enn i januar 2017! Fullstendig oversikt over nettleigeprisane finn du her

Med den siste justeringa ligg no prisane for hushalds-/hyttekundar godt under snittet for nettleiga i Hordaland.

Nettleige er det du betaler for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga går til å dekkja kostnadane ved ei stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadane er hovudsakeleg knytt til investeringar, vedlikehald og vaktberedskap.

Ny straummålar

OneCo (valt montasjeleverandør) er godt igang med å skifta ut alle straummålere, sidan 28. august har vi no fått skifta ut 6000 av 7100 målara. Arbeidet skal vera ferdig i løpet av vinteren 2018. Den nye er ein digital målar som registrerer og sender straumforbruket ditt til oss automatisk, slik at du slepp å lese av målaren sjølv.  Vi takkar alle våre kundar som har hatt besøk og fulgt opp avtalen som er gjort for utskiftning. Ynskjer du å lesa brukarmanualen for den nye målaren, så finn du den her

 

Julehelsing

KREF003-Julestjerne-750x750_V1 kreftforeningen.jpg

Vi støttar Kreftforeningens arbeid, og årets julegåve går til å støtta det viktige arbeidet med kampen mot kreften.

Med ønske om ein strålande førjulstid og ei god jul!

 

Med helsing

frå alle oss i Kvinnherad Energi

Nettleigeprisar frå 1 januar

DSC_4300.JPG

Det vert gjennomførd endringar i nettleigeprisar per 1. januar 2018.  Justeringa fører til ei endring for hushald/fritidshus/næring med ein auke på 0,5 øre/kWh i energileddet og auke på kr 16,50 per månad i grunnprisen.

I løpet av 2017 satte Kvinnherad Energi ned nettleigeprisane 1 januar, 1 juni og 1 oktober. Frå 1 januar 2018 har ein for hushald 3,2% lågare nettleigeprisar enn i januar 2017! Fullstendig oversikt over nettleigeprisane finn du her

Ekstremver "Aina" over

Alle våre kundar som opplevde straumutfall fekk straumen igjen ca kl 12.

Ekstremværet "Aina" anses nå som over. Vinden er nå nordvest liten og periodevis full storm 25 m/s. Vinden minker natt til lørdag, fra lørdag morgen ventes nordvest sterk kuling 20 m/s.

Et stormsenter ligger i havet like vest for Trøndelag. Lavtrykkssenteret beveger seg sakte, og det ventes fortsatt kraftig vind på Vestlandet sør for Stad. Vinden er likevel ikke ventet å nå opp i ekstremværkriteriet, og varselet erstattes nå av obs-varsel.

Reduksjon nettleigeprisar frå 1. oktober

Vi gjer ei reduksjon av nettleigeprisanemed verknad frå 1. oktober. Dette blir den tredje reduksjonen i år. Endringa vi gjer no skuldast den kjølige sommaren som har gjort at vi har ftt  auka forbruk i forhold til budsjettert forbruk. Dette kjem no hushaldskundane våre til gode, med ein reduksjon 0,9 øre/kWh, i høve til 2016 har vi redusert nettleigeprisen med 7,3 øre/kWh for hushald. For større næringskundar blir reduksjonen per 01. oktober på 2,3 øre/kWh.

For oversikt over nettleigeprisane klikk her

Brukar du ladestasjonen for elbil på Husnes eller Rosendal?

Frå opninga av Husnes ladestasjon- oktober 2016

Frå opninga av Husnes ladestasjon- oktober 2016


Grønn Kontakt driftar desse stasjonane for Kvinnherad Energi, og det er varsla endringar i fakturavilkår hos Grønn Kontakt.
Fra 1. oktober 2017 vil våre kunder som er mottakere av
faktura på epost, efaktura og avtalegiro få fakturagebyr på kr 15,-.

For å unngå fakturagebyr kan du enkelt legge inn ditt betalingskort på Min Side på www.gronnkontakt.no
Du vil da få tilsendt faktura på e-post, men denne trekkes automatisk fra ditt betalingskort.

Prisendring for flexilading (AC-lading)

Fra 1. oktober endrer vi prisen for Flexilading til
kr. 0,75 per kW påbegynte kvarter, før rabatt.

Prisen for Hurtiglading forblir den samme:
kr 2,50 per påbegynte minutt, før rabatt.